7.3.07

Registrert: Peer Gynt

Ho Asbjørg, ho Asbjørg...Fordi nokre av dei 16 jentene i klassa går drama så hadde Asbjørg bestemt at vi skulle setje opp ei scene av Peer Gynt idag...på ein time. Ikkje noko gale i det altso...Men Asbjørg: vi trenge Ikkje alltid å dramatisere ting!

Forresten: kva er det med meg og pengar??? I den eine stunda har eg mykje -ei veke etter: ingenting!! Det er rart med det...Og eg som er så god å spare!
Og i dag slutta frontlyset på scootaren å virke. Tredje dagen med scooterkøyring etter vinteren. Så no må den på reparasjon. Berre elende!

JAJA...nok om det. I dag har eg forresten gjort skulen ei tjeneste. Eg har faktisk klart å få frytta alle dei praktiske heildagsprøvene to veker. Flink ka?
Skulen hadde jo gjort det mest geniale i år. Dei hadde putta alle heildagsprøvene inn tidleg i året, sånn at vi sleppe ditta stresset på slutten av skuleåret. Men DAAH! No kom jo alt i ein haug, samstundes som vi har Carmina Burana...lurt!

oj...det her skulle vere ein glad-blogg...ka kan eg vere glad for i deg då???
JO! Vi hadde faktisk SOL i dag!! Det var faktisk så varmt at vi kunne sitte ute i berre gensar....
Så har eg kjøpt meg haustfest-dvd!!
Kred til BergheimMedia som i dag selde haustfest dvd'en i kantina!

Dass war dass. Wollen Sie etwas, kling mich an!
Auf wiedersehen...

2 kommentarer:

Marièl sa...

HÆHÆ!!! kling mich an!! Eg lær pinleg høgt (elph)

Marièl sa...

HÆPPE PÅ! Skriv noko om carmina då vel! har du bilete??