12.4.07

inkompetente liksomreperasjonsfolk...

Jaja...etter ei god veke med lowsy skriving må eg vel endelig vise livsteikn her inne.
Ka kan eg seie? Livet går vidare som det alltid har gjort, med lekser, innleveringar, meir lekser prøver osv. Ganske frustrerande i grunnen.

I dag har eg forresten vore å henta scootaren min som har stått på verkstad i 5 veker. Dei skulle fikse lyset og bremsene...Er det SO INNMARI VANSKELEG? Det første eg gjorde var jo sjølvsagt å teste ut bremsene som dei hadde "fiksa". So eg tok no god rennfart, bremsa hardt, og ka skjedde? Ikkje noke! Jo, forresten, no laga frambremsa hamrelyd... Joda, lys har eg , men brytaren kom aldri i posten, so då tenkte dei "aha, vi kan jo berre tjuvkoble lyset, ho merka sikkert ingenting likevel". Rompe som. Eg vart irritert.

Sånn e livet mitt akkurat no... blærk.
Kjem tilbake om eit par dagar, då forhåpentlegvis med litt meir skriveglede og livslyst...

Ingen kommentarer: