25.2.09

min skatt


eg hugsar at då eg var lita
hadde eg ein boks med skattar
som eg gøymde under handkleda
på badet nede
der gøymde eg mine finaste skattar
som perler og småfigurar
men den finaste skatten
var eit viskelær som var
forma som kuleis i kjeks
det var så fint
og fire små viskelær
som var forma som frukter
med kvar si lukt
og ingen fann nokontid skatten
for den var bare min
og låg der under handkleda
på badet nede



bilde frå flickr.
og eg tar gjerne imot alle slags søte viskelær;)

Ingen kommentarer: