6.3.09

kjærleik

på min vesle sjå-ping-tur i går sat eg meg ned på ein benk på nordre for det va so fint vér.
då eg hadde sete der ei lita stund med sola i fjeset, kom det mot meg to vaggande duer nett som dei gjekk hand i hand. dei gjekk nokre meter, stoppa og såg seg rundt og gjekk vidare. dei va so søte at eg måtte berre smile. det såg faktisk ut som dei var eit gamalt ektepar. hihi. så kom dei nærare benken min, og såg på meg. må sei eg vart litt redd for at dei skulle gå til angrep akkurat då. men so snudde dei seg mot kvarandre og bjynte å susse! (eller, dei beit kvarandre i nebbet). då måtte eg faktisk le litt inni meg. og dei holdt på ei god stund. so gjekk dei vidare nedover nordre ved sidan av kvarande utan å bry seg om alle dei andre duene. det var ei fin oppleving.



















bilde frå flickr

2 kommentarer:

Marit sa...

Aw, søtt :D

Maren sa...

haha, aww, herlig :D