1.4.07

Keisamt snakk på palmesøndag

Jess, endeleg påske!Palmesøndag i dag... HOISANN!
Og eg skal ingenting! Det er så herleg!
Forresten er eg veldig flink til å sløse vekk fridagar når eg først har dei. Som i dag, for eksempel... Kva har eg gjort? Jo, eg sto opp kl 8 og såg på påskemorgon, åt sein frukost og såg på Harry Potter. Kva er det, liksom? Jaja, det er vel sann det er å ha fri...
I dag våkna eg av at eg låg å tenkte på kor lite pengar eg har. Ever since eg reiste til Tyskland strauma rekningane inn. Og eg er blakk... Godt eg reiste til Tyskland då eg hadde pengar, så får eg heller skrape i hop litt pengar etterkvart.
Tenkte eg skulle reise på TT i år og. Berre for å vere litt sosial... Det kan bli spanande. Vi fekk forresten dekka 1000 kr per person som vil reise på TT! Kor kjekt ekje det på ein skala?
Sidan eg er så blakk gjekk eg inn på ei side i dag, der ein kan tjene pengar på å vere med i spørjeundersøkingar. GENIALT! Får berre håpe eg får brukar ID'en min på e-post snart...
Ditta her vart ein keisam blogg. (Hence the title)

Eg er så vanvittig singel!

Ingen kommentarer: