19.4.07

Overraska over meg sjøl...


Som du sikkert har merka har skrivinga mi her inne vert dårleg i det siste. Så her kjem grunnane:

Broren min okkuperar dataen. Som vanleg.

Eg helde på å skrive ei bok. Eg og fleire altso. Og det fører til at kvar gong eg går inn på internet blir sittande å skrive på den. Men det er jo faktisk kjekt. Ditta her er ein av grunnane til overskrifta.

Eg har masse lekser. Det betyr òg at kvar gong eg sitte med ein data blir sittande med det. Overraskande at eg gidde å gjere den.

Her kjeme den eigentlege grunnen til overskrifta: Eg ha nemleg utforska diverse andre ting på dataen. Blant anna har eg fått meg fjesbok! (Som eg ikkje enda skjønna meg heilt på.) So har vi fått oss to skjermar til same dataen, noko som fører til morsomme eksperiment... Og sist men ikkje minst: Stardock! No kan til og med vi med jalla windows få datan til å sjå ut, og fungere som ein mac! Fantastisk. Og ditta her er det faktisk EG som har fått til. Ei heilt ny verd av mogleikar (?). Check it out


Ingen kommentarer: