12.5.07

Oppdatering!

Hej! Ja, no er det ei stund sida sist, og det har sine grunnar.

For det første: HEILDAGSPRØVE I DANSETEORI OG DANSEHISTORIE!!!
Fekk tatt ein god del fine bilder i lesehelga... Fokusert?
Heildagsprøva gjekk forresten fint. Sjekk bildet då... litt notatar i boka? hmmm....neida. . som du ser var det fint veir i det minste.
Så har vi fått oppgave til danseheildagsprøva, som skal vere på tysdag. eg gruar meg!! Vi fekk oppgåva himmel og/eller helvete. Litt vanskeleg, men vi har komt godt i gang. Skal øve heile dagen i dag og i mårrå og på mandag så det går nok fint.

So e eg forkjøla, og det passa veldig dårli med tanke på alt eg har å gjere...

En liten ting til: naturfagforsøk med Ottar. Det må eg berre skrive om for det va so kult. Vi laga oobleck, som e en blanding mellom maisenna og vatn. det likna på vaffelrøre, men har en heilt sær konsistens og egenskap. Det e en ikkje-newtonsk væske, har eg lært, det vil seie at jo fortare du slår på den dess hardare blir den. i motsetning til vatn, som bevega seg fortare dess fortare du bevega den. snålt! vi fyllte et heilt kar med oobleck og så gjekk vi fort på den. og vi sank ikkje. Heilt komisk! men det va heilt merkeli etterpå eg hadde styrt på med den ei stund, for då tenkte eg at alt va oobleck og at en måtte ta seint på tin for at det ikkje skulle bli hardt... her e noken bilder:


















No er eg på jobb...


Ingen kommentarer: