28.6.07

Sommar og sol! (og arbeiding...)

Hei! No har eg jobba ei veke her på campingen. Det er faktisk ganske kjekt, spesielt når eg veit kor mykje eg kjeme til å tjene... Her går det for det meste i toalettvask, hytteutsjekking, fritering ogå sitte i telefonen. Å, det er SÅ arti å stå opp hal sju for å vaske to sanitæranlegg!
No har det vore ganske stille dinna veka, men i juli og august er vi nesten fullbooka, så då blir det nok å gjere. Det er forresten berre å ta seg ein tur bortom. Då tar do R615 frå sentrum, og tek til høgre rett etter brua. om dette skulle bli vanskeleg.... så dropp det. ;p

Tenkte eg skulle prøve å skrive litt her inne i sommarferien. For då kan eg til hausten, når eg lurer på kva eg faktisk HAR gjort, berre gå inn her å sjekke. Så er det jo sikkert litt kjekt for ALLE dåkke daglege blogglesarar å sjå kva eg gjer på til ei kvar tid...

Eg fekk 6 på tyskeksamen! *stolt, sjøl om eg ikkje trudde det var mogleg*


Ingen kommentarer: