Parampisj!
No har eg tatt jaffal eitt steg vidare på vegen.
Eg fann nemlig ut at eg va i big-time pengekrise, og det e i grunnen ganske
upassande, sia eg har mykje som skal brukast pengar på i sommar.
Første problem er depositum til ein eventuell hybel, som i grunnen er ganske dyrt.
So då tok eg meg ein tur ned i banken, noke som resulterte i at eg kjeme til å vere
gjeldsslave i tre år... puh! livet er hardt!
Månge seie at penga ikkje e alt. men eg velge å tru det motsatte.
Penga E jo faktisk alt. Det har eg merka.
Eg hadde foreksempel ikkje jobba i sommar viss ikkje penga betyr alt.
Det e no klart.
Lykke kan heller ikkje kjøpast med pengar. Seie dei...
Sjølve lykka kan vel kanskje ikkje kjøpast for pengar.
Men du kjeme liksom litt lenger med litt innhold i lommeboka.
Eg velge å legge inn en liten notis her (henta frå avis.dn.no, dersom noken skulle lure).
Artikkelen var desverre på bokmål, så eg tok meg friheta i å oversette:
orsakinga kjem på førehand: takk, og orsak.
Høg inntekt, høg lykke.
Kven er lukkelege? Og kva skal til for at vi blir nøgde med livet?
Professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Ottar Hellevik, publiserer om litt boka «Jakten på den norske lykken», basert på forskningsmateriale frå intervjuprosjektet Norsk Monitor. Anna kvart år sidan 1985 har meir enn 40.000 nordmenn vorte intervjua.
Sist Hellevik gav ut ei liknande bok var i 1996. Der konkluderte han med at trass i at inntekt og tal eigedomar peika oppover, viste ikkje kurva for nøgdleik(??) og lukke det minste teikn til stigning. No ser det ut til å ha snudd: Svara i Norsk Monitor si undersøking viser at på eit gjeve tidspunkt gjev høgare inntekt auka sjanse for at folk skal kjenne seg lukkelege. Ein ser heller ingen teikn til avtakande nytte av høgare inntekt for lukkekjensla. Tvert imot. Etterkvart som vi flyttar oss oppover på inntektsskalaen, stig lukkenivået markert.
- Det er ingen som trur at lukke er det same for alle, og det er heller ingen som nektar på at det er stor ulikskap på folk - i åtferd, holdningar, interesser og liknande. Men dersom folk ikkje blir lukkelege av det same, så kan dei sjølvsagt kjenne seg meir eller mindre lukkelege. Og det har vi kunna måle ved hjelp av desse undersøkingane. Konklusjonen i ei slik undersøking gjev sjølvsagt ikkje bastante og skråsikre svar, men vi ser likevel svært klare mønster, seier Hellevik.
Pengar gjev rom for ein fridom så eg slepp å tenke på kva eg har i handlekorga og kvar eg dreg på ferie. Dersom eg kjører forbi eit galleri og ser et kjempefint bilde kan eg faktisk kjøpe det. Eg har kjøpt fleire bilete av Marianne Aulie, Eser Afacan og nokon av Odd Nerdrum. God kunst gjev ei kjensle av lukke. Penger kan gje deg lukke - du treng ikkje å ta så mykje omsyn til kva andre meiner. Eg trur det er viktig å finne di eiga lukke. Det er nordmenn dårlige til, dei er meir opptekne av kva andre har.
veeel... Ditta va no litt drøyt. Det e tydeli at professora tjena bra. Kanskje det e DET eg skal bli?
Men det eg kan tilføye e at eg har funne mi lykke. Og lykka mi akkurat no e å få nok pæng til alt eg trenge (som verken inkludera sydenturar eller bilder som Marianne Aulie ha laga(som eg ikkje har lyst på uansett, for den dama takla eg ikkje)).
So det var fyrste hinder: pengar.
Mission (most likely) accomplished.
1.7.08
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Når du kjeme långt nok i studietilveret (hjå meg inntraff dette ca etter ein månad), kjem du til å innsjå at du alltid kjem til å vere gjeldsslave og alltid kjem til å skulde pengar, og at du nok aldri i heile verda kan kjøpe deg ein ting utan å måtte forsake ein annan, og at du kjem til å vere fattig uansett kva du gjer, så du kan like gjerne gje blaffen og kjøpe det du har lyst på. Sparing er utrendy.
NB, forrsten: mamma og steffen er også festivaldeltakarar!
hahah...ja, eg har i grunnen allerie innsett det. har vert fattig i 19 år.
Legg inn en kommentar