Eg e her, i Sør-Trøndelag, blant studentar og studiner.
Her går det i hybelmat, utpåbyen, musikk, foto og Edgar og Lyche. Dialæktforvirringar og ordforklaringar, bortrotingar og feilbussing og i det heile teke mykje nytt.
Nytt og bra og Palma og FlaggeFlagget og mac:)
Du skjønna ikkje. Nei vent, kanskje ikkje eg heller læll, vannj.
Fortsatt ikkje? Søk Studentservice eller Institutt for kunst og medievitskap.
NTNU, opp vegen og forbi. Dit dei underviser i frakk og held tale i full uniform.
Dit det er liv og fæst kvar ei natt og dit ingen skjønnar nynorsk eller boss.
Dit det er rush-trafikk og scenebetennelsar. ja, dit!
Og so litt bortafor, der dei får vannblemmer under hælen og klagar seg over det.
Der dei ikkje har pengar att etter eit litt for svoltent haud på eplehuset.
Hit, der vi ikkje et trøndersodd, men kanskje burde gjort det.
Dit dei kan ta buss til IKEA og ete köttbullar og høyre på knusing av tallerkar på bakrommet.
Dit dei er så forvirra at dei ikkje eingong klarar å skrive ein ordentleg blogpost utan å nyse.
Og der iPoden korkje kan setjast fyr på eller skiftast form på.
Der dei ikkje treng å ståopp tidleg fordi forelesninga er tilpassa slaure-studentlivet og utpåbyen og ikkje startar før klokka 10 tidlegast. Eller 12 viss du er heldig.
Dit dei gløymer at dei har scootar og går i staden. Og dit dei fortsatt ikkje har råd til å gå på festival, sjølom den ligge berre rett bort i gata.
Ja! Og dit ein får tilsendt mat i posten av bestemor si.
Tilogmed dit ein kan jobbe friviljug 20 timar i veka utan å få betalt fordi ein er så eplekjekk.
Men frukt et ein ikkje. Det er for dyrt. Ein tek kosttilskudd i staden.
Dit dei gløymer å sjå på OL, sjølom TVen står 2cm bortafor.
Og dit ein får 25% rabatt på Dolly Dimples.
Dit det fortsatt ikkje er enkelt å ikkje kunne kung-fu, men kan sjå det på kinoen som ligg rett rundt hjørnet.
Til høgre for, nei, til venstre for Prinsen og bortom parkeringsplassen.
DEEERJA! Fant du? Gøøøy!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar