6.3.07

Martha Graham eller ingenting?


Huff.... Så er det tysdag att. Finnast det noko keisamare? Eller, eigentleg så er faga ganske greie, vel, sett vekk frå tysk og gym. Naturfag og data har eg ikkje mykje imot. Det er i grunnen ventinga på tysdagane som dreg all energien ut av meg. Ein og ein halv time med ingenting... Eller: ingenting og ingenting. Vi skal vel eigentleg gjere lekser og slektfornoke. Men så er valget framfor meg: Skal eg skrive på oppgåva mi om forskjellar i Martha Grahamteknikken og balletten, eller skal eg rett og slett utsette den enda litt lenger enn eg allereie har gjort? Valget er enkelt. Så då sitt eg her og keiar meg i staden.


Eg gledar meg jaffal til onsdag, for då reiser eg nemleg til Tyskland!!! Det vert jamman kjekt! Der skal eg henge rundt på Käthe Kollwitzschule i Kiel og gjere enda meir ingenting. Oppdateringar og bilder kjem sjølvsagt etter kvart.


Elles så strevar eg med å samle inn folk, så vi endeleg kan få hatt eit styremøte i tensing, samstundes som eg ergrar meg over kor vanvittig rotete skrivebokssystem eg har klart å setje i hop. No skulle eg også vore på utvekslingsmøte, men som vanleg vart det avlyst.


Slek ein interessant blogg i dag... verkeleg inspirerande. Inkje sant?

1 kommentar:

Marièl sa...

Yo in the hood in the hood to the yo. YO!
Also. no har eg lagt deg til! Og dersom du tykkjer det er lite spanande å gjere ingenting, så kan du trøyste deg med at det berre er førestadiet til NTNU. Her vert du gøtt trena i å gjere: Nettopp ingenting. Men trikset med det heile er å gjere det med overtyding. Skal du ha fri, så må du gjere det ordentleg! Ta han heilt ut om du vil!

SKORGEL! Eg har vondt i spelemuskelen. Skriv ein gla-post, då vel!