Vi reiste på onsdag 14. mars med nattbussen til oslo. Der åt vi frokost på teaterbåten "Innvik", berre for å kjenne oss litt heime. Det var forresten mykje sol, og ullkåpa vart litt varm... Sjølvsagt shoppa vi og! Vi reiste med Kielferga (eller Oslofähre, som dei kallar det i Tyskland). Eg trur vi hadde verdas minste lugarar, med knappe halvmeteren å bevege seg på... Det gjekk eigentleg heilt greit. Ein ting eg fann ut var at å dusje i verdas minste dusj, med såpe på golvet og store bølgjer ikkje er det smartaste ein kan gjere. Resultatet vart ein god del blåkular i hovudet og vrikka tå.
Fredag kom vi fram til Kiel og møtte våre utvekslingselevar att. Vi tok ein kjapp tur rundt på skulen, og var snare med å leite fram euroane så vi fekk shoppa. På kvelden var vi i bursdag til ei av jentene. Der møtte vi mange rare tyskarar, og til og med nokon som kunne dansk!! Det var artig! I tyskland har dei foresten ikkje røykelov, så derfor stinka alle kleda våre sur, gammal røyk då vi kom heim.
I helga vart det ein god del shopping, is-eting og diskotek. Vi fann ut at dersom du berre tar på deg ein utringa topp, så kan du lure kven som helst i tyskland... Det var sann vi kom oss inn på diskoteket med 18års aldersgrense!
Måndag var vi på skulen att. Vi hadde erdkunde (naturfag), musikk og tysk. Heldigvis for tyskarane at vi kom å redda musikktimen deira... Til vår store fortviling vart det ikkje godteke å ha på seg noko anna enn dongeribukse nokon plass!
Om kvelden såg vi på Germanys next topmodel, og americas next topmodel (dubba!). Alle fjernsynsprogram er dubba i tyskland! Grey's Anatomy, Friends, the Simpsons, ALT! tragisk..
Vi var også ved fyrtårnet, og på Multimar Wattforum (akvariet) i Tönning. Wie geil!!!
Onsdag var vi på skulen att... Der hadde vi tysk med 5.klassingane. Dei var flinke, altso! Vi hadde òg engelsk med 10.klasse. Dei var dårlege, altso! Mittwoch Abend var vi å bowla, eller bååla, so dei sa. Eg tapte GRUNDIG! Men det var kjekt medan det varte. Sida stemninga va på topp, tok vi turen til Kieler Brauerei etterpå. Det er det lokale ølbryggeriet i Kiel, og dei servera øl i svære muggar.
Torsdag tok vi ein dagstur til Hamburg med tog. På toget møtte vi mange rare folk, blant anna ein mann med stresskoffert som spurte "Wie alt seid ihr? 14, 15?" Ka? sjønnakje ka han meinte.
Vi tok turen innom Michaeliskirka, der vi gjekk opp i tårnet. Det var fantastisk utsikt. Vi kunne sjå så langt vi ville. Men så e jo Schleswig-Holstein sitt høgste fjell ein liten bakke...hehe.
Vi var også innom Hamburg Dungeon der vi fekk lære Hamburg si historie på ein skremmande måte...*nifst* Det vart sjølvsagt litt shopping også i denne byen... sjekk ut desse butikkane:


Fredag var nok ein skuledag, også denne med besøk i 5.klasse. Vi prata om Noreg for dei, og etterpå blei vi nedrent av dei for dei ville ha autografane våre...Geil!!
Vi stakk også innom dei som var på Sandane i fjor. Dei hadde dekka opp med avskjedskake og "juice". Og plutselig, midt i kakeetinga, så kom 5.klassingane inn med denne plakaten:
Så søtt!!
Så søtt!!
Laurdags formiddag var det på'n igjen med reise tilbake. Reisa innebar nok ein vanskeleg dusj, taxfree, dans med eldre, venting, taxi, venting, aker brygge i solsteiken, pølse med brød på 7eleven, busstur, pause, dokø på Gol og soving. Turen var med andre ord lang, men god.
Så ja, tysklandsturen var kjekk!
2 kommentarer:
Ka e det eg ser?? Både djupe utringingar og øl i muggar?????????? HÆ?!?! Eg vert forfærda! eller "meget forferdede", om du vil. Men det høyrtes kjempekjekt ut! No har eg vore på domkor og sunge eit verk av ein komponist so tydelegvis hatar sopranar.. Men elles er det fin musikk. Smask!
mohaha. det vakje så voldsomt so d høyrdes ut...klæm
Legg inn en kommentar